Historisk arkiv

Sjefstillingane i Politidirektoratet klåre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

(21.09.00) Dei næraste medarbeidarane til politidirektør Ingelin Killengreen i Politidirektoratet er no tilsette. Dei får tittelen assisterande politidirektør

Pressemelding

Nr.: 53-2000
Dato: 21.09.2000
Kontaktperson: Informasjonskonsulent Stig Kolstad, tlf 22 24 51 04

Sjefstillingane i Politidirektoratet klåre

Dei næraste medarbeidarane til politidirektør Ingelin Killengreen i Politidirektoratet er no tilsette. Dei får tittelen assisterande politidirektør.

Ass.direktør for etatstyring: Hans Sverre Sjøvold, noverande avdelingsdirektør i etatseininga i Justisdepartementet.

Ass. direktør for samordning og koordinering: Odd Berner Malme, noverande politiinspektør ved Oslo politidistrikt.

Ass. direktør for beredskap og politifag: Knut Ragnar Mikkelsen, noverande politimeister i Justisdepartementet.

Justisdepartementet har óg tilsett Tore Lorentzen som administrasjonssjef. Han kjem frå stillinga som avdelingsdirektør i Statens forvaltningsteneste.

Hovudoppgåvene til direktoratet vil vere leiing av politi- og lensmannsetaten, strategisk og operativ samordning, koordinering av innsatsen mot alvorleg organisert kriminalitet, beredskap, internasjonalt politisamarbeid og forvaltningsoppgåver.

Direktoratet skal vere eit kompetansesenter for administrative, personalfaglege og politifaglege spørsmål. Politi- og lensmannsetaten er i omstilling og Politidirektoratet vil få ein sentral rolle i prosessen. Direktoratet skal vere i full drift frå 1. januar 2001.

Politidirektoratet sine heimesider: www.politi.no