Historisk arkiv

Sleipner-kommisjonen legg fram rapport onsdag 8. november 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.: 70-2000
Dato: 1.11.2000
Kontaktperson: Espen Strai, informasjonsenheten, 22 24 51 41

Sleipner-kommisjonen legg fram rapport onsdag 8. november 2000

Onsdag 8. november 2000 overrekkjer Sleipner-kommisjonen sin rapport til justisminister Hanne Harlem.

Justisdepartementet sette 1. desember 1999 ned ein kommisjon leia av lagmann Arild O. Eidesen til å granske omstenda kring forliset av snøggbåten M/S Sleipner. Båten gjekk ned ved Store Bloksa nord for Haugesund 26. november 1999.

I samband med overleveringa vil leiaren av kommisjonen gje ei framstilling av innhaldet i rapporten. Pressa vil få høve til å stille spørsmål etter framstillinga.

Samstundes med overleveringa vil kommisjonen gje ut ei pressemelding med ei kort samanfatning av innhaldet. Rapporten vil òg vere tilgjengeleg på internett under Justisdepartementet sine heimesider på odin.dep.no/jd frå same tidspunkt.

Overleveringa finn stad klokka 12.00 i festsalen på Radisson SAS Hotell Norge i Bergen. Adressa er Nedre Ole Bulls plass 4.