Historisk arkiv

Strengare krav til skipnader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.: 72-2000
Dato: 10.11.2000
Kontaktperson: Aud Slettemoen, 22 24 53 69

Strengare krav til skipnader

Fredag la Regjeringa fram for Stortinget ein odelstingsproposisjon med framlegg til ei ny lov om skipnader med strengare krav til kapital og styresamansetting.

Framlegget, Ot.pr. nr. 15 (2000-2001) Om lov om stiftelser, følgjer opp ei utreiing frå Stiftelseslovutvalget (NOU 1998:7). Skipnadenes særpreg som organisasjonsform held fram, medan reglane moderniserast og vert meir brukarvenlege.

Ei anna sentral målsetting er betre kontroll med skipnadene. Det er i dag fylkesmennene som fører tilsyn med skipnadene, mens Justisdepartementet er overordna tilsynsmyndigheit. Regjeringa foreslår sentralisering i eit nasjonalt Stiftelsestilsyn, og at alle skipnader skal registrerast i eit Stiftelsesregister som vert ført av Stiftelsestilsynet.

Regjeringa foreslår at allmenne (ikkje-næringsdrivande) skipnader skal ha ein grunnkapital på minst 100.000 kr, men med moglegheit for dispensasjon til å ha ein grunnkapital på mellom 50.000 og 100.000 kr. Dagens reglar har ikkje noko krav til ein slik minste grunnkapital for dei allmenne skipnadene. Det nye kravet skal etter framlegget berre gjelde for skipnader som opprettast etter at den nye lova vert sett i verk.

For dei næringsdrivande skipnadene skal kravet til grunnkapital vere 200.000 kr. Det må oppfyllast innan ein overgangsperiode på fem år, men eldre skipnader kan få dispensasjon.

For å styrke sjøvstendeprinsippet i skipnadene, foreslår Regjeringa nye reglar om samansettinga av styra. Opprettaren av skipnaden og nærståande kan ikkje lenger stå for heile styret, men det er ikkje noko til hinder for at dei kan ha fleirtal i styret.