Historisk arkiv

Utgreiing om erstatning til ofra der tiltalte vert frifunnen for straff

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Torsdag 21. desember 2000 kl. 10.00 skal professor dr. juris Jon T. Johnsen overrekkje ei utgreiing der han tek føre seg spørsmålet om ein tiltalt som vert frikjend i ei straffesak bør kunne påleggjast å betale erstatning til ofra, og kva dei nærare vilkåra for dette eventuelt bør være. Justisminister Hanne Harlem vil ta i mot utgreiinga

Pressemelding

Nr.: 91-2000
Dato: 20.12.2000
Kontaktperson: Informasjonssjef Bjørn Talén, 22 24 51 09
Fung. lovrådgjevar Jarle Golten Smørdal, 22 24 53 77

Utgreiing om erstatning til ofra der tiltalte vert frifunnen for straff

Torsdag 21. desember 2000 kl. 10.00 skal professor dr. juris Jon T. Johnsen overrekkje ei utgreiing der han tek føre seg spørsmålet om ein tiltalt som vert frikjend i ei straffesak bør kunne påleggjast å betale erstatning til ofra, og kva dei nærare vilkåra for dette eventuelt bør være. Justisminister Hanne Harlem vil ta i mot utgreiinga.

Professor Jon T. Johnsen fekk 21. desember 1999 i oppdrag å greie ut kva høve det er og bør være til å påleggje ein tiltalt som er frifunnen, å betale erstatning til den fornærma for den handlinga som frifinninga gjeld. Oppdraget vart gjeve som ein følgje av Høgsterett sin dom i Rt. 1999 s. 1363 der fetteren til Birgitte Tengs vart dømd til å betale erstatning til Birgitte Tengs sine foreldre, sjølv om fetteren vart frifunnen for straff.

I samband med overleveringa vil Johnsen gje ei kort framstilling av arbeidet med og innhaldet i utgreiinga. Johnsen har òg utarbeidd eit notat på to sider som vil bli delt ut i møtet. Pressa vil deretter få høve til å stille spørsmål til Johnsen.

Utgreiinga er trykt som NOU 2000: 33 "Erstatning til ofrene hvor tiltalte frifinnes for straff". Denne vil òg bli delt ut i møtet.

Overleveringa finn stad kl. 10.00 i justisministeren sitt møterom, (H-blokk, 7. etasje), regjeringskvartalet i Oslo. Adressa er Akersgata 42..