Historisk arkiv

Utval skal gjennomgå Noreg sine operative ressursar på berging og beredskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.: 73-2000
Dato: 10.11.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Karen Alette Melander; 22 24 54 28

Utval skal gjennomgå Noreg sine operative ressursar på berging og beredskap

I statsråd i dag vart det sett ned eit utval som skal gjennomgå Noreg sine operative ressursar på berging og beredskap. Utvalet vil bli leia av lagdomar Lars Jorkjend. Blant medlemmane er både personar med røynsle frå bergings- og beredskapsetatar og med kompetanse på organisasjonsbygging.

Regjeringa følgjer med dette opp ei av tilråingane frå Sårbarhetsutvalget som kom med innstillinga si den 4. juli i år.

– Det er særs viktig at dei operative ressursane på berging- og beredskap er organisert på ein optimal måte, seier justisminister Hanne Harlem i ein kommentar.

Utvalet skal mellom anna gå gjennom noverande tilhøve når det gjeld ansvar og oppgåveløysing, og beskrive eventuelle gråsonar. Utvalet skal óg gi tilråing om sivilforsvaret si framtid og korleis politireserva og dei sivile vernepliktige kan bidra ved katastrofer i fredstid.

Utvalet er samansett slik:

Leiar:
Lagdomar Lars Jorkjend, Bærum

Medlemmar:
Kst Fylkesmann Karin Moe Røisland, Nesodden (nestleiar)
Rådgjevar Wenche Bertelsen Helgeland, Oslo
Direktør Tor Suhrke, Bamble
Førstekonsulent Lene Orsten, Oslo
Sjeflege Kjellfrid Laugarland, Karmøy
Politimeister Bjørn Hareide, Bodø
Seksjonsleiar Erik Nygaard, Oslo
Avdelingsdriektør Bjørn Gran, Oppegård
Professor Per Kristen Mydske, Oslo
Rådmann Ellen Stikstad, Gran