Historisk arkiv

Valdsoffera får betre rettar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Rettane til valdsoffera vert kraftig styrka, og reglane om fri rettshjelp vert endra. Den største satsinga på justissektoren er ei effektivisering av straffesakskjeda for å redusere kriminaliteten. Politiet har aldri tidlegare hatt større ressursar.

Pressemelding

Nr.: 61-2000
Kontaktperson: Informasjonssjef Bjørn Talén, tlf 22245109

Valdsoffera får betre rettar

Rettane til valdsoffera vert kraftig styrka, og reglane om fri rettshjelp vert endra. Den største satsinga på justissektoren er ei effektivisering av straffesakskjeda for å redusere kriminaliteten. Politiet har aldri tidlegare hatt større ressursar.

Regjeringa vil styrke rettane til valdsoffera. Rett til erstatning vert lovfesta. Dessutan vert maksimalbeløpet for erstatning frå staten heva frå 200.000 kroner til ein million kroner med verknad frå 1. juli 2001.

Langt fleireskal få høve til fri rettshjelp. Inntektsgrensa for fri rettshjelp vert heva frå 150-170.000 kroner til 200-210.000 kroner med verknad frå 1. juli 2001. Dei som fyller vilkåra for fri rettshjelp vert heller ikkje råka av innføringa av moms på advokattenester.

Det er tidlegare varsla at salærsatsen for offentleg oppnemnde forsvararar vert heva. Opptrappinga vert noko utsett i høve til det som tidlegare er varsla, men gjennomførast i løpet av 2001. Salærsatsen vil såleis auke vesentleg i løpet av 2001. Opptrappinga gjer at det vert meir sosial likskap når det gjeld å få ein god forsvarar.

Straffesakskjeda meir dugande. Totalt 23 mill. kr er avsett til arbeidet med nytt sakshandsamingssystem for domstolane i fyrste og andre instans og til IT-koordinering i heile straffesakskjeda. Dette skal gjere sakshandsaminga i heile straffesakskjeda, frå politiet til kriminalomsorga, sikrare og meir effektiv.

Politi- og lensmannsetaten er høgt prioritert i 2001-budsjettet. Det er lagt inn midlar til heilårsverknaden av dei 240 nye stillingane som vart oppretta under handsaminga av revidert nasjonalbudsjett i vår. Stillingane vart fordelte til Oslo (80), Kripos (10) – og 150 vart fordelte til 36 politidistrikt. I tillegg er budsjettet styrka i samband med at Politidirektoratet vert oppretta, utan at dette vil gå ut over operative politiressursar i distrikta.

Politidirektoratet skal vere i drift frå 1. januar og vil få den faglege og operative leiinga av politi- og lensmannsetaten. Målet med direktoratet er ein effektiv nytting av politiressursane.

Det er avsett fem millionar kroner i 2001 til drift av rådet mot organisert kriminalitet (ROK). Rådet vert viktig i kampen mot internasjonal og organisert kriminalitet. Innsats mot bakmenn i narkotikasaker, ran, barnepornografi og kriminalitet knytt til prostitusjon er område Regjeringa ønskjer satsing på.

Handlingsplanen "Vold mot kvinner" vert ytterlegare følgd opp i året som kjem. Samarbeidet mellom politiet og lokale styresmakter til hjelp, rettleiing, oppfølging og betre vern for dei mishandla, skal styrkast.

"Handlingsplanen mot barne- og ungdomskriminalitet" skal óg følgjast opp i året som kjem.

Regjeringa gjev kriminalomsorgaeit fagleg lyft ved å auke talet på tilsette med etatsfagleg utdanning. Opptaket av aspirantar til "Kriminalomsorgens utdanningssenter" vert heva frå 100 til 150, eit anna viktig tiltak til det faglege lyftet for sektoren. Føremålet er å redusere kriminaliteten ved betre atterreising av lovbrytarar.

Regjeringa vil styrke arbeidet med atterreising av dei innsette. Driftsbudsjettet til kriminalomsorga er styrka med fem millionar kroner til dette. Mellom anna skal arbeidet med gjengongarkriminelle styrkast, og promilleprogrammet vert utvida til fleire enn dei sju fylka som no deltek. Programmet syner seg å vere særs vellukka, og går ut på handsaming av trafikantar som ved fleire høve er tekne for promillekøyring.

Startløyving til Tromsø kretsfengsel. Regjeringa løyver fem millionar kroner til å starte den naudsynte ombygginga og utvidinga av Tromsø kretsfengsel. Etter ombygginga vil landsdelen få ein moderne institusjon tilpassa krav til tryggleik, arbeidsmiljø og til straffegjennomføring. Etter ombygginga vert anstalten utvida med 20 opne og fem lukka plassar.

For å betre utnyttinga av fengselskapasiteten og få til ein betre samla ressurutnytting i kriminalomsorga, vert skogsleirane i Skien og Arendal lagt ned.

Nytt tinghus i Tromsø. Det er avsett 15 mill. kr neste år til byggestart av nytt tinghus i Tromsø. Nytt tinghus vil mellom anna gjere saksavviklinga, det fysiske arbeidsmiljøet og tryggleiken betre. Det vil ha mykje å seie for tilsette, partar og publikum at arbeidet med eit nytt tinghus no kan starte. Forholda for rørslehemma vert óg prioritert. Prosjektet inkluderer nye lokale for Troms og Finnmark statsadvokatembete.

Regjeringa aukar løyvinga kraftig til søk etter omkomne, frå åtte millionar kroner i år til 25 millionar kroner neste år. Ei slik auke vonar ein kan gjere sitt til at fleire forulukka vert funne.

Innstillinga frå Sårbarhetsutvalet er no ute på høyring. Arbeidet med oppfølging frå innstillinga tek til neste år. Eit av dei viktigaste måla for Regjeringa er å gjere samfunnet mindre sårbart.