Historisk arkiv

Hordaland: - Håper mange søkjer politimeisterembetet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.: 90 - 2001
Dato: 05.07.2001
Kontaktperson: Informasjonskonsulent Stig Kolstad, telefon 22 24 51 18

Hordaland politidistrikt:
– Håpar mange søkjer politimeisterembetet

No utlysast politimeisterembetet i det nye Hordaland politidistrikt. – Eit viktig steg mot målet til regjeringa om fleire politifolk i gatene og den største reforma som politiet har vore gjennom på 100 år, seier justisminster Hanne Harlem.

– Eg håpar mange vil søkje det ledige embetet. Regjeringa har lagt til grunn at politimeisteren i framtida skal leie eit politi som meir effektivt bekjemper kriminalitet. Det krev mellom anna at vi skal finne ein resultatorientert sjef, kor leiareigenskapar skal stå sentralt, seier justisminister Hanne Harlem.

– Det er ikkje krav om juridisk embetseksamen. Eg ønskjer meg ein samfunnsengasjert leiar som vil vere med å utvikle politiet vidare til eit meir synleg og publikumsorientert politi. Eg helsar spesielt kvinner velkomne på søkjarlista, seier ho.

Politimeisteren vert utnemnt i statsråd og gjeld for seks år.

Intervju av søkjarane vil byrje i august. Mot slutten av året skal embetet besettast og politimeisteren skal leie prosjektet med å byggje opp eit heilt nytt politidistrikt som skal vere i verksemd frå 1. januar 2002.

– Det ligg store utfordringer foran den nye politimeisteren i Hordaland politidistrikt, understrekar Harlem.

Hordaland politidistrikt vert etablert som følgje av regjeringa si stortingsmelding Politireform 2000 som vart vedteken i Stortinget 21. mai. Distriktet vart etablert i ein kongeleg resolusjon 22. juni. Ein ny kongeleg resolusjon fredag 6. juli fastset at fem kommunar i Hardanger òg skal liggje under politidistriktet.

Politimeisteren i Hordaland skal leie 30 lensmannskontor/politistasjon og 866 tilsette.

Regjeringa sitt mål med å gjere politidistriktet stort, er at det i større utstrekning enn i dag skal kunne gje seg i kast med svært krevjande kriminalsaker med bruk av intern spisskompetanse. Dette vil gjelde i saker som narkotika-, miljø-, økonomi- og sedskapsbrotsverk.

– Samtidig som politidistriktet i stor grad skal vere sjølvhjulpne i framtida, har regjeringa som kjent gjort framlegg om å etablere barne-Kripos som distrikta skal kunne dra nytte av i framtida. Med denne politireforma trur eg bestemt vi kan seie at det lokale politiet vert betre og meir effektivt, seier Harlem.

Politimeisteren i Hordaland er i tillegg til å vere øvste leiar av politidistriktet, samstundes leiar av den lokale påtalemyndigheit. Politimeisteren er òg kretssjef for sivilforsvaret.

Søknadsfristen til embetet er allereie 1. august. Mange vil no utvilsomt nytte litt av ferien til å skrive søknad.

Pressemeldinger med oversikt over politidistrikta