Historisk arkiv

Politileiinga i Sogn og Fjordane til Sogndal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.: 18-2001
Dato: 12.01.2001
Kontaktperson: Informasjonskonsulent Stig Kolstad, tel: 22 24 51 18 Informasjonskonsulent Lise Steensland, tel: 22 24 51 07

Stortingsmeldingane "Politireform 2000" og "Førsteinstansdomstolene i fremtiden":

Politileiinga i Sogn og Fjordane til Sogndal

I Sogn og Fjordane vert dei to politidistrikta Sogn og Fjordane slått saman til eitt – og med leiinga lagt til Sogndal. Det er framlegget i "Politireform 2000". Regjeringa vil samstundes styrkje domstolane i Sogndal og Førde.

Fredag la Regjeringa fram to stortingsmeldingar med framlegg om å endre politi- og domstolsstrukturen i heile landet.

Målet med politimeldinga er å nytte færre politifolk til ledelse og administrasjon og få fleire ut på gata, noko som alt i alt skal gi oss ei betre polititeneste. Politireforma gjer slutt på ein 100 år gamal politistruktur. Samstundes ønskjer Regjeringa å styrke domstolane si rolle som samfunnet sin framste konfliktløysar, ved å gjere domstolane mindre sårbare og skape større fagmiljø. Regjeringa har òg lagt vekt på naudsynt nærleik til folk i distrikta.

Det nye politidistriktet skal heite Sogn og Fjordane politidistrikt. Fylkespolitileiinga får òg ansvar for Vanylven lensmannsdistrikt, som i dag ligg under Sunnmøre politidistrikt.

I Sogn og Fjordane vert det 23 driftseiningar (to politistasjonar og resten lensmannskontor) som i alt dekkjer eit folketal på drygt 107.000 menneske.

Innanfor eit samanslege politidistrikt i fylket vil ein få auka spisskompetanse til dei mer krevjande brotsverka. Det er naudsynt med ei høg fagkompetanse for å lukkast i kampen mot kriminalitet, påpeiker Regjeringa.

Med ei samanslåing vert det oppretta ein felles operasjonssentral for heile fylket, innanfor eksisterande ressursar. Naudtelefonen i Sogn pd dekkjast i dag av Bergen politidistrikt når politivakta i Sogndal ikkje er betent.

Avgjersla om samanslåing er òg gjort då månge av lensmannskontora under dei to politidistrikta er små. For å oppretthalde naudsynt beredskap og publikumsservice, skapar dei små einingane trong for samarbeid med naboeiningar.

Fylket har krevjande kommunikasjonstilhøve – fjellovergangar og fergestrekningar. Det vert lange avstandar mellom lensmannskontora og politileiinga, men for publikum som politiet skal betene, vil ei samanslåing ikkje få verknad.

Lensmannskontora i fylket og politistasjonen i Florø vert oppretthalda.

Sogndal har nytt og funksjonelt politibygg som kan takast i bruk av ei felles politileiing. Fjordane har mellom anna ein operasjonssentral som er open heile døgeret – noko Sogn politidistrikt som nemnt ikkje har.

Ved ei samanlåing vil ein innanfor eksisterande ressursar kunne etablere ein felles operasjonssentral som vil dekkje heile Sogn og Fjordane, noko som vil vere eit betre polititilbod for folk, meiner Regjeringa.

Fylket har fire domstolar. Dei ligg i Høyanger, Førde, Nordfjordeid og Sogndal. Desse er særs små, og Regjeringa ønskjer å styrkje ein domstol i kvar av dei to regionane Sogn og Fjordane. Då vil ein sikre at reisetida ikkje aukar mykje. Dessutan vil ein gjere sårleiken mindre ved fråver, ved at domstolane i Nordfjord og Høyanger vert lagt ned og midla overførte til dei gjenverande. Slik vert fylket betre rusta til å møte krava til domstolane i framtida.

Endringane inneber òg at domstolen i Førde får tilført dei tre kommunane Gloppen, Stryn og Hornindal frå domstolen i Nordfjordeid. Solund, Hyllestad og Høyanger vert tilførte frå domstolen i Høyanger. Domstolen i Sogndal vil få tilført Vik, Balestrand og Leikanger frå domstolen i Høyanger. Av omsyn til reisetid vert Gulen kommune overført til Nordhordland tingrett i Bergen.

For å skape større oversyn for folk erstattar Regjeringa benemningane byrett og heradsrett, med tingrett.

Regjeringa gjer framlegg om å effektivisere og betre tinglysingstenesta ved m.a. å gje Statens kartverk ansvaret for tenesta. Føremålet er at kundane i framtida skal få alle offentlege opplysningar til eiendomsoverdraging, pantsetjing og byggjesaker på same stad. (Sjå eiga pressemelding om tinglysing).

Sjå rikspressemld. om politi og domstolar: www.odin.dep.no/jd/norsk/aktuelt/pressem

Stortingsmeldingane er tilgjengeleg på: www.odin.dep.no/jd/norsk/publ/stmeld/

Karta for eitkvart fylke vert òg tilgjengelege på internett. Nyttast dei, må ein oppgje kjelde (Statens kartverk).