Historisk arkiv

Rapport om rettsmedisinsk sakkunne vert lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Måndag 2. april vil justisminister Hanne Harlem få overrekt rapporten til eit utval som har vurdert arbeidet til dei rettsmedisinsk sakkunnige i Noreg.

Pressemelding

Nr.: 54 - 2001
Dato: 02.04.2001
Kontaktperson: Rådgjevar Hans-Christian Ingebrigtsen (22 24 54 14) eller
Informasjonsrådgjevar Espen Strai (22 24 51 41)



Rapport om rettsmedisinsk sakkunne vert lagt fram

Måndag 2. april vil justisminister Hanne Harlem få overrekt rapporten til eit utval som har vurdert arbeidet til dei rettsmedisinsk sakkunnige i Noreg.

I 1998 oppretta Justisdepartementet eit utval som skulle vurdere verksemda til dei som arbeider med medisinske spørsmål i samband med straffesaker. Bakgrunnen var mellom anna debatten kring desse spørsmåla i samband med Liland-saka.

Mandatet til utvalet har mellom anna vore å vurdere rolla til dei sakkunnige. Utvalet skal òg kome med framlegg til korleis ein kan sikre kvaliteten på det sakkunnige arbeidet, og betre kontakten mellom dei sakkunnige og andre aktørar i rettsapparatet.

Leiar av utvalet har vore professor dr. med. Torleiv Ole Rognum frå Rettsmedisinsk institutt i Oslo.

Overleveringa finn stad klokka 16.00 i Justisdepartementet, rom H735. Adressa er Akersgata 42.