Historisk arkiv

Rapport om togulukka på Lillestrøm vert lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Tirsdag 30. januar kl. 11 vil justisminister Hanne Harlem få overrekt sluttrapporten etter togulukka ved Lillestrøm stasjon.

Pressemelding

Nr.: 31 - 2001
Dato: 29.01.2001

Kontaktperson: Informasjonskonsulent Espen Strai, telefon 22 24 51 41

Rapport om togulukka på Lillestrøm vert lagt fram

Tirsdag 30. januar vil justisminister Hanne Harlem få overrekt sluttrapporten etter togulukka ved Lillestrøm stasjon.

Natt til 5. april i fjor køyrde eit nordgåande tog inn i eit tog som sto stille på Lillestrøm stasjon. Som følgje av samanstøyten vart to propantankar på det eine toget skadd slik at propan lekte ut og tok fyr. 2000 menneske i området vart evakuerte.

Etter ulukka sette Regjeringa ned ein kommisjon leia av lagdommar Vibecke Groth for å granske omstenda kring togulukka. Det er den same kommisjonen som granska omstenda kring togulukka på Åsta.

I samband med overleveringa vil leiaren av kommisjonen gje ei framstilling av innhaldet i rapporten. Pressa vil få høve til å stille spørsmål etter framstillinga.

Samstundes med overleveringa vil kommisjonen gje ut ei pressemelding med ei kort samanfatning av innhaldet. Rapporten vil òg vere tilgjengeleg på internett under Justisdepartementet sine heimesider på www.dep.no/jd frå same tidspunkt.

Overleveringa finn stad klokka 11.00 i Plenumssalen (bygning R4), regjeringskvartalet i Oslo. Adressa er Einar Gerhardsens plass 1.