Historisk arkiv

Reform for politi og domstolar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Pressa er fredag invitert til pressekonferanse i høve reformframlegga frå regjeringa om politiet og domstolane. Fredag legg regjeringa fram stortingsmeldingane "Politireform 2000" og "Førsteinstansdomstolene i fremtiden."

Pressemelding

Nr.: 03-2001
Dato: 08.01.2001
Kontaktperson: Informasjonssjef Bjørn Talén, tlf 22 24 51 09

Reform for politi og domstolar

Pressa er fredag invitert til pressekonferanse i høve reformframlegga frå regjeringa om politiet og domstolane. Fredag legg regjeringa fram stortingsmeldingane "Politireform 2000" og "Førsteinstansdomstolene i fremtiden."

Ei rekkje nye forslag vert fremja i dei to meldingane. Føremålet er mellom anna å effektivisere og modernisere politi og domstolar. Framlegga er ein viktig del av målet til regjeringa om å nya opp att offentleg sektor.

Det er over 100 år sidan politiet og domstolane var gjennom liknande endringar som framlegga i stortingsmeldinga legg opp til.

Pressa er invitert til regjeringskvartalet, Einar Gerhardsens plass 1 (R-4), Plenumssalen klokka 12.30.

Pressekonferansen vert overført på internett: www.odin.dep.no/odin/norsk/direkte/