Historisk arkiv

Regjeringen gjer framlegg om reform for politi og domtsolar: Telemark politidistrikt til Skien

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.: 24-2001
Dato: 12.01.2001
Kontaktperson: Informasjonskonsulent Stig Kolstad, tel: 22 24 51 18 Informasjonskonsulent Lise Steensland, tel: 22 24 51 07

Regjeringen gjer framlegg om reform for politi og domstolar: Telemark politidistrikt til Skien

Regjeringa meiner at dei noverande politidistrikta i Telemark må bli eitt i framtida. Leiinga for det store politidistriktet vert lagt til Skien. Domstolane vert òg omstrukturerte for å møte krava i framtida.

Fredag la Regjeringa fram to stortingsmeldingar med framlegg om å endre politi- og domstolsstrukturen i heile landet. Føremålet med politimeldinga er å nytte færre politifolk til leiing og administrasjon og få fleire ut på gata, noko som alt i alt skal gje oss ei betre polititeneste.

Politireforma gjer slutt på ein 100 år gamal politistruktur. Samstundes ønskjer Regjeringa å styrke domstolane si rolle som samfunnet sin framste konfliktløysar, ved å gjere domstolane mindre sårbare og skape større fagmiljø. Regjeringa har òg lagt vekt på å halda fram den naudsynte nærleiken til folk i distrikta.

Endringane i politidistrikta gjer at Kragerø, Notodden, Rjukan, Skien og noverande Telemark pd i Porsgrunn får ein felles politimeister og ein felles administrasjon.

Telemark høyrer med til fylka som har stabilt befolkningstal, og ein ventar ikkje stor auke i åra framover.

Statistisk sentralbyrå reknar med at vekst hovudsakeleg vil kome i Grenlandsområdet og spesielt i Skien.

I dei fem politidistrikta i fylket er det 18 driftseiningar (lensmannskontor/politistasjonar). Diskusjonen har m.a. gått på om distrikta skulle vere to i framtida – t.d. eitt nordre og eitt søndre distrikt. Politidistriktsutvalet (NOU 1999:10) gjorde framlegg om dette.

– Inndelingane av distrikta syner at grensene er trekte under heilt andre føresetnader enn i dag, seier justisminister Hanne Harlem.

– No vert kompetansen samla og polititenesta styrkt for fylket som heilskap. Om ein etterforskar med spesialkomptanse no sit på Notodden, kan han nyttast når kompetansen er naudsynt ein annan stad i fylket uavhengig av dei noverande grensene.

Kriminaliteten i Grenlandsområdet har forgreiningar vidare mot Kragerø, særleg langs E18, og er knytt saman med kommunikasjonslinene via Drangedal til den vestlege delen av det som i dag utgjer Telemark politidistrikt.

Nord i fylket (Rjukan pd og Notodden pd) har politiet viktige arbeidsoppgåver knytt til geografien – fauna og miljøbrotsverk.

For publikum er det ikkje gjort framlegg om endringar som vil ha innverknad for kontakt med deira lokale politi. I staden må ein rekne med at ein i fylket vil få eit mykje meir operativt politi og at politifolk vert frigjorte (m.a. frå operasjonssentralar) til teneste ute. Andre tenester som òg vert aktuelle å sjå heilskapen på, er m.a. hundeteneste og UEH-teneste (utrykningseiningar med spesialkompetanse).

– Eitt politidistrikt i fylket vil gje grunnlag for ei meir rasjonell eining, seier justisministeren.

Fylket har i dag fem domstolar høvesvis i Kragerø, Skien, Notodden, Kviteseid og Gvarv. Domstolane på Gvarv, Notodden, Kviteseid og i Kragerø høyrer til dei minste i landet. For knapt to år sidan gjorde Strukturutvalet framlegg om å redusere talet på domstolar til to, ein i Skien og ein på Notodden. Regjeringa er samd med utvalet i at talet på domstolar i fylket må ned for å gjere domstolane betre rusta til å møte krava i framtida.

Kommunane som høyrer under domstolen i Kragerø vert overførte til eininga i Skien. Av dei kommunane som høyrer under domstolen på Gvarv vert Nome òg ført over til eininga i Skien, medan dei andre vil høyre til domstolen på Notodden. Desse endringane aukar ikkje reisetida til domstolane særleg, og den vil i alle høve vere kort samanlikna med andre delar av landet.

Regjeringa gjer samstundes framlegg om å effektivisere og betre tinglysingstenetas ved m.a. å gje Statens kartverk ansvaret for tenesta. Føremålet er at kundane i framtida skal få alle offentlege opplysningar som ein treng for eiendomsoverdraging, pantsetjing og byggjesaker på same stad. (Sjå eiga pressemelding om tinglysing).

For å skape større oversiksyn for folk erstattar Regjeringa benemningane byrett og heradsrett, med tingrett.

Domstolseiningane i fylket vil vere Grenland tingrett i Skien, Aust-Telemark tingrett på Notodden og Vest-Telemark tingrett på Kviteseid.

Sjå rikspressemld. om politi og domstolar: www.odin.dep.no/jd/norsk/aktuelt/pressem

Stortingsmeldingene er tilgjengelege på: www.odin.dep.no/jd/norsk/publ/stmeld/

Her ligger òg kart over fylka. Nyttast dei, må ein oppgje kjelde (Statens kartverk).