Historisk arkiv

11 mill. kroner til ny utstilling ved Jærmuseet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 59/00
Dato: 04.10.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga,
tlf. 22 24 80 00

11 mill. kroner til ny utstilling ved Jærmuseet

Kulturdepartementet gjer framlegg om ei samla løyving på 11 mill. kroner til ny utstilling ved Jærmuseet. Av dette blir det foreslått løyvd 2 mill. i 2001 og 9 mill. kroner seinare.

Utbygginga ved Jærmuseet har ei samla kostnadsramme på 46 mill. kroner. Bygningane er finansierte med eigenkapital, private bidrag og tilskot frå kommunane på Jæren, Rogaland fylkeskommune og Norsk kulturråd. Første byggjesteg vart ferdigstilt i 1995, og det andre byggjesteget skal etter planen stå ferdig i 2001. Hovudelementa i utstillingane går ut på å vise korleis ulike teknologiar har vore nytta i arbeids- og kvardagsliv.

Jærmuseet er elles eitt av seks prosjekt som skal utgjere eit nasjonalt nettverk av såkalla "vitensenter". Desse skal fungere som ressurssenter for det omliggjande distriktet. Jærmuseet er det einaste senteret av dette slaget på Sørvestlandet.

Det faglege siktemålet med tiltaket er å formidla brei og allsidig kunnskap om og forståing for samanhengane mellom natur, kultur, landskap, teknologi og miljø. Born og unge frå 6. til 10. klassesteget er hovudmålgruppe for prosjektet, som dermed fell godt i hop med tankane om "den kulturelle skulesekken".