Historisk arkiv

Fornying av filmsektoren - auka tilskot til film

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 75/00
Dato: 04.10.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Helge Sønneland, Medieavdelinga, tlf. 22 24 80 02

Fornying av filmsektoren - auka tilskot til film

Betre organisering og eit auka tilskot til filmsektoren på 58,9 mill. kroner eller om lag 45 prosent, vil leggje grunnlaget for større aktivitet, betre kvalitet og auka oppslutning frå publikum. Samla tilskot til film blir om lag 190 mill. kroner.

Omorganisering av filmforvaltninga

Kulturdepartementet foreslår å samle alle offentlege tilskot retta mot filmprodusentar i eit fond, Norsk filmfond. Samlinga i eit fond vil gjere det enklare å prioritere klårt mellom ulike formål og styre innsatsen mot område der det til kvar tid er størst behov.

Departementet foreslår å opprette eit statleg kompetanse- og utviklingssenter for det norske filmmiljøet, Norsk filmutvikling. Verksemda vil etter framlegget overta oppgåvene til Statens studiesenter for film og får ansvaret for ideskaparane, særleg manusforfattarane og regissørane. Verksemda skal administrere ordningar for utvikling av idear, talent og prosjekt og vidare- og etterutdanning av filmarbeidarar. Norsk filmutvikling skal også vere ein filmfagleg pådrivar og medverke til betre prosjektutvikling av norske filmer og fører dermed vidare nokre av dei oppgåvene Norsk Film AS har hand om i dag.

Kulturdepartementet foreslår ei deling av Norsk Film AS og ei avvikling av den statlege eigarskapen i verksemda som driv filmproduksjon. Departementet tek sikte på å føre vidare eigarskap og drift av Filmparken i statleg regi. Midlar frå Norsk Film AS blir omdisponerte til Norsk filmfond og Norsk filmutvikling etter kvart som verksemda blir avvikla. Meininga er at Norsk filmfond og Norsk filmutvikling skal lokaliserast til Filmparken på Jar. Norsk filmutvikling vil få hand om ei ny ordning som tek utgangspunkt i den noverande novellefilmordninga. Målet for ordninga er utvikling av drama- og eksperimentelle produksjonar. Verksemda vil også administrere støtta til manusutvikling.

Norsk filminstitutt skal føre vidare tradisjonelle forvaltningsoppgåver som vern, formidling og profilering av norsk film i utlandet.

Omlegging av tilskotsordningar

Kulturdepartementet legg vekt på kontinuitet og auka aktivitet i produksjonsmiljøa og auka ressursutnytting og effektivitet i kvar enkelt filmproduksjon. Det er eit mål å auke eigenkapitalen og private investeringar og fremje prosjektutvikling og marknadsføring. Dette kjem mellom anna til syne gjennom framlegget om ei ny tilskotsordning, ei såkalla 50/50- ordning. Ordninga gir produsenten rett til 50 prosent offentleg tilskot dersom han sjølv kan stilla med 50 prosent eigenkapital. Regjeringa foreslår òg å opprette ei låneordning for utvikling av produsentselskap. Produsentane må sjølve dekkje minst 50 prosent av kostnadene. Produsentlånet har som siktemål å gi strukturelle effektar i form av oppbygging av stabile produsentmiljø.

Kulturdepartementet gjer samstundes framlegg om å setje eit tak for kor mykje tilskot ein og same film samla sett skal kunne få. Ei ordning med tilbakebetaling av tilskot etter at godkjend eigenkapital er tent inn blir òg foreslått.

Behovet for å ha fleire "inngangar" i Norsk filmfond blir dels ivareteke gjennom at vi no får fleire ulike ordningar og ved at det for den konsulentbaserte tilskotsordninga blir fleire konsulentar.

Framlegget legg også opp til eit tilskot til ein nasjonal filmkommisjon utanfor Austlandsområdet, med oppgåver særleg knytt til utanlandsk filmproduksjon.

Konkrete retningsliner for tilskotsordningane vil bli fastsette etter ein høyringsrunde og i nær dialog med partane.

Kulturdepartementet kjem tilbake med endelege framlegg i revidert nasjonalbudsjett 2001.