Historisk arkiv

Ingen rettskrivingsendringar i år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 34/00
Dato: 28.06.00

Ingen rettskrivingsendringar i år

Kulturdepartementet har avgjort at det ikkje blir endringar i rettskrivinga for bokmål og nynorsk i år, verken i læreboknormalen eller den vidare rettskrivinga. Det inneber at forlaga kan gje ut lærebøker og ordlister for neste skoleår med same rettskriving som før.

Kulturdepartementet har med dette ikkje avvist dei rettskrivingsvedtaka som Norsk språkråd sende inn til godkjenning tidlegare i år. Tvert imot ser departementet positivt på at vedtaka til Språkrådet mellom anna tek sikte på å forenkle og rydde opp i gjeldande rettskrivingsreglar.

Vedtaka er meir omfattande enn vanleg, og dei reiser visse prinsipielle spørsmål som må vurderast i ein vidare samanheng. Over sommaren vil det bli avgjort om vedtaka skal sendast tilbake til Norsk språkråd for vidare arbeid og nærmare vurdering. Alternativet er heil eller delvis godkjenning. Eventuelle godkjende endringar vil ikkje bli gjort gjeldande før frå skoleåret 2001/2002.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Stein Sægrov, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 26