Historisk arkiv

Kulturell skulesekk til alle barn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 46/00
Dato: 04.10.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga,
tlf. 22 24 80 00

Kulturell skulesekk til alle barn

Kulturdepartementet vil i samarbeid med institusjonar og fagorgan på kulturfeltet leggje til rette for at skolebarn lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit aktivt og positivt forhold til kulturytringar av alle slag. Tiltaket er kalla "den kulturelle skulesekken". I ein tale i Bergen 6. juni 2000 framheva statsminister Stoltenberg eit slikt tiltak som var sett i gang i Sandefjord: "Vi vil gi alle barn en slik ryggsekk. Den skal innehalde møter med levende musikk og teater - møter med fortid og nåtid i det lokale samfunn."

Det er sett av 15 mill. kroner til dette på Kulturdepartementets budsjett for 2001. Tiltaket skal utviklast i nært samarbeid med kommunane og skuleverket. Ein idé- og informasjonskatalog skal vere tilgjengeleg på alle grunnskular ved starten av skuleåret i 2001. Kulturdepartementet har nær kontakt med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet om det vidare planleggingsarbeidet. Ein idékonferanse vil bli halden hausten 2000.