Historisk arkiv

Modvar avdelingsdirektør i Kulturdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 39/00
Dato: 28.07.2000

Modvar avdelingsdirektør i Kulturdepartementet

Underdirektør Alf Modvar (60) vart i statsråd fredag utnemnd til avdelingsdirektør i Kulturdepartementet.

Alf Modvar har arbeidd i Kulturavdelinga frå 1986 med ansvar for mellom anna samordning av budsjettarbeidet, oppgåver knytte til internasjonalt kultursamarbeid og generelle kulturpolitiske spørsmål. Han skal no leie ein av seksjonane i Kulturavdelinga. Han arbeidde i 1970-75 i Kyrkje- og undervisningsdepartementet, først på kulturvernkontoret og så i universitets- og høgskuleavdelinga. 1975-79 var han tilsett ved Det europeiske råd for kjerneforsking (CERN) i Geneve. I 1979 gjekk han over til Forskingsavdelinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Alf Modvar er cand. philol frå Universitetet i Oslo 1969, med historie som hovudfag. Han har skrive fleire bøker, både faglitteratur og skjønnlitteratur.

Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00