Historisk arkiv

Nordnorske kulturtiltak får støtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 109/00
Dato: 21.12.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Nordnorske kulturtiltak får støtte

Kulturdepartementet har no fordelt ekstra tilskot til ymse kulturtiltak. - Nordnorsk kulturråd får eit eingongstilskot til folkemusikkføremål i Nord- Noreg på 207 000 kroner, seier statssekretær Roger Ingebrigtsen.

Nordlysfestivalen som er ein årleg musikkfestival i Tromsø, får eit tilskot på 100 000 kroner.

Bylarm Live i Tromsø i 2001 får 50 000 kroner. Bylarm er eit årleg arrangement for musikkbransjen. Samlinga i Tromsø vil synliggjere musikkbransjen og utøvarar i dei nordlegaste fylka, seier statssekretær Ingebrigtsen.