Historisk arkiv

Regjeringa satsar på allmennkringkasting og digitalisering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 78/00
Dato: 04.10.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Helge Sønneland, Medieavdelinga, tlf. 22 24 80 02

Regjeringa satsar på allmennkringkasting og digitalisering

Regjeringa gjer framlegg om å auke kringkastingsavgifta for 2001 med
75 kroner til 1715 kroner.

Regjeringa grunngir auken med at det er naudsynt å halde oppe NRK som konkurransedyktig, reklamefri allmennkringkastar. Kompensasjon for pris- og lønsvekst står for 50 kroner av auken, medan dei resterande 25 kronene skal dekkje kostnader i samband med overgang til digital teknologi.