Historisk arkiv

Statsråd Horn ser på kultur og næringsutvikling i Vågå

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 95/00
Dato: 17.11.2000
Kontaktperson: Politisk rådgjevar Aina Holst, tlf. 22 24 78 04

Statsråd Horn ser på kultur og næringsutvikling i Vågå

Kulturminister Ellen Horn er saman med stortings- og fylkespolitikarar invitert til Vågå måndag 20. november for å få bli orientert om satsinga på kultur og næringsutvikling i kommunen.

Kulturdepartementet har gitt 1 mill. kroner dei siste tre åra til eit prosjekt i Vågå der målet har vore å sjå korleis kulturtiltak kan fremje busetjing og næringsvekst i ein distriktskommune.

Statsråd Horn vil få høyre om røynslene med dette prosjektet og dessutan om generasjonsskifte-prosjektet i kommunen. Dette prosjektet legg vekt på ein aktiv distrikts- og kulturpolitikk med næringsutvikling, nyetablering og tilrettelegging av bustader.

Kjøpmann Stein Erik Hagen vil informere om flyttinga av ei rekneskapsavdeling frå Oslo til Vågå, om kurs- og konferansesenteret i kommunen og om koplinga mellom kultur, trivsel og næringsutvikling. Christian Sulheim vil orientere om verksemda til Norsk Kulturarv.

Pressen er invitert til å vere til stades under møtet med kulturminister Horn i kommunestyresalen, Vågå kommunehus, måndag 20. november kl.1400. Kontaktperson er ordførar Rune Øygard, mobiltlf. 91 38 32 32