Historisk arkiv

Viktige anti-dopingmøte i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 87/00
Dato: 31.10.2000
Kontaktperson: Fung. ekspedisjonssjef Paul Glomsaker, Idrettsavdelinga, 22 24 80 52

Viktige anti-dopingmøte i Oslo

-Vi vil diskutere korleis vi skal kome dopingproblemet til livs, seier kulturminister Ellen Horn og slår fast at Oslo vil stå i sentrum for det internasjonale anti-dopingarbeidet 13. – 16. november. Representantar frå idrettsorganisasjonar og offentlege styresmakter frå mange land vil drøfte ulike tiltak i kampen mot dopingproblemet, seier Horn.

Den internasjonale rådgjevingsgruppa for anti-doping i idretten (IICGADS) vil på møtet 14. – 15. november setje søkjelyset på utviklinga fram mot og under Dei olympiske leikane i Sydney og utfordringane i kjølvatnet av leikane.

IICGADS-møtet i Oslo er eit samarbeid mellom Australia, Canada og Noreg, og representantar frå styresmaktene i 42 land er inviterte. Oslo-møtet vil gje eit generelt overblikk over utviklinga sidan møtet i Sydney i november 1999 og i Montreal i februar 2000.

Møtet vil bli konsentrert om etableringa av omfattande nasjonale retningsliner og program for anti-dopingarbeidet, utvikling av regionale støttemekanismar for å oppnå fleire anti-dopinginitiativ, internasjonal samkjøring av lover og reglar på anti-dopingområdet og offentleg støtte til World Anti-Doping Agency (WADA). WADA skal fremje og koordinere kampen mot doping i all idrett på eit internasjonalt nivå og består av representantar utpeikte frå styresmaktene og representantar frå Den internasjonale olympiske komité (IOC).

International Anti-Doping Arrangement (IADA) har møte 13. november og WADA har fleire møte i løpet av anti-dopingveka i Oslo. IADA er ein statleg samarbeidsavtale mellom ni land: Canada, Australia, New Zealand, Nederland, Storbritannia, Danmark, Finland, Sverige og Noreg.