Historisk arkiv

Hordaland-kulturen får auka tilskot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 168/01
Dato: 11.10.2001
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Hordaland-kulturen får auka tilskot

Det blir auke i tilskota til Festspillene i Bergen, Bergen Filharmoniske Orkester, Den Nationale Scene, Carte Blanche, Vestnorsk jazzsenter, Norsk vasskraft- og industristadmuseum og Hardanger fartøyvernsenter. Vest-Norges Opera i Bergen får frå og med 2002 tilskot over statsbudsjettet.

Til Festspillene i Bergen blir det foreslått eit tilskot på 10,3 mill., ein auke på 3,2 mill. kroner, eller 45,4 prosent. Bergen Filharmoniske Orkester er ført opp med eit tilskot på 63,2 mill. kroner, ein auke på 3 mill. kroner. Løyvinga til Den Nationale Scene er auka med 2,7 mill. kroner til 70 mill. kroner. I tillegg er det gjort framlegg om ei løyving til Den Nationale Scene på 17,5 mill. kroner i samband med ombygging av teatersalongen.

Carte Blanche får eit ekstra tilskot på 750 000 kroner til turne i 2002 og er ført opp med ei løyving på 13 mill. kroner, ein auke på 1,1 mill. kroner. I samband med sterkare satsing på jazz er det gjort framlegg om å auke løyvinga til Vestnorsk Jazzsenter med 0,3 mill. kroner til 1,4 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om at Vest-Norges Opera frå 2002 får statstilskot til produksjon og formidling av opera. I 2002 er det ført opp eit tilskot på 1,4 mill. kroner.

I samband med styrking og konsolidering av musea blir det gjort framlegg om ein auke på 750 000 kroner til Hardanger fartøyvernsenter og 750 000 kroner til Norsk vasskraft- og industristadmuseum i Tyssedal.