Historisk arkiv

Interimsstyre for nasjonalmuseet for kunst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 112/01
Dato: 16.08.2001
Kontaktperson: Avd.dir. Stein Sægrov, Kulturavd., tlf. 22 24 80 26

Interimsstyre for nasjonalmuseet for kunst

Kulturdepartementet har oppnemnt adm. direktør Christian Bjelland til leiar for interimsstyret for det planlagde nasjonalmuseet for kunst. Dei andre styremedlemene er høgsterettsdommar Nina Frisak, stortingsrepresentant Tom Thoresen, direktør ved Nasjonalgalleriet Anniken Thue og høgsterettsadvokat Jens Kristian Thune.

Kulturminister Ellen Horn seier at det no er teke eit avgjerande steg i dette prosjektet, som er eit av dei høgast prioriterte på kultursektoren.

I samsvar med avklaringa som skjedde i samband med handsaminga av stortingsmeldinga om arkiv, bibliotek og museum i Stortinget, skal seks institusjonar samorganiserast til ein ny institusjon med hovudbase i området ved Tullinløkka i Oslo. Det er dei tre statsinstitusjonane Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst og Riksutstilingar og dei tre stiftingane Kunstindustrimuseet i Oslo, Norsk Arkitekturmuseum og Henie-Onstad Kunstsenter.

Den viktigaste oppgåva for interimsstyret vil vere innan 1. juli 2002 å utarbeide eit framlegg til organisasjonsplan som gjev departementet eit grunnlag for å tilrå oppretting av den nye institusjonen frå 1. januar 2003. Interimsstyret skal også setje i verk ein prosess for å klarleggje brukarbehov m.v. som grunnlag for vidare prosjektering av den bygningsmassen som er naudsynt, m.a. nybygg på Tullinløkka.