Løyvinga til Norsk kulturfond fordelt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Dato: 26.01.2001 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 10/01
Dato: 26.01.2001
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavd.,
tlf. 22 24 80 00
Løyvinga til Norsk kulturfond fordelt
Fordelinga av midlane til Norsk kulturfond for 2001 på 225,3 mill. kroner vart vedteken i statsråd fredag. Tildelinga til fagområda er generelt blitt auka med 4,6 prosent frå i fjor.
Tildelingane til ensemblestøtte, gjestespelordninga og Rom for kunst er foreslått auka i 2001. Dei andre postane er justerte for prisomrekning.
Den største tildelinga på 71,3 mill. kroner er til litteratur, i hovudsak til innkjøpsordningane for litteratur. For 2001 er Norsk kulturråd og forlaga mellom anna blitt samde om eit tak på talet på titlar, slik at kostnadene blir haldne innafor tildelinga.
Tildelinga til scenekunst er på 34,7 mill. kroner. Av dette går 29,0 mill. kroner til støtteordninga for fri scenekunst.
Løyvinga til Norsk kulturfond er vidare fordelt slik: tidsskrift 2,5 mill. kroner, musikk 50,3 mill. kroner, biletkunst/kunsthandverk 12,5 mill. kroner, kulturvern 13,5 mill. kroner, barn og unge 8,1 mill. kroner, kulturbygg 8,0 mill. kroner, rom for kunst 3,6 mill. kroner, og kunst og det fleirkulturelle samfunnet 5,1 mill. kroner. Til andre formål er det sett av 15,7 mill. kroner, som skal dekkje m.a. gjestespelordninga, utgreiing om strukturendringar i bokbransjen og "Mens vi venter på operaen" – utvikling og presentasjon av samtidsmusikk.