Historisk arkiv

Statsråd Horn på Hamar 1. mai

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 53/01
Dato: 30.04.2001
Kontaktperson: Politisk rådgivar Aina Holst, tlf. 22 24 78 04

Statsråd Horn på Hamar 1. mai

Kulturminister Ellen Horn taler på Stortorget i Hamar 1. mai etter å ha delteke i folketoget rundt i byen. Ho skal også vere med i eit Prøysen-innslag med Svein Erik Brodal.

1. mai om ettermiddagen vil ho opne Tematimen for Afrika i Menighetshuset på Tangen. Her er det utstilling av kunst og handverk frå Aust- og Sør-Afrika, og underhaldning av gruppa Queendom, som framfører eit show basert på låtar og tekstar av svarte kvinner. Saman med deltakarar på arrangementet vil Ellen Horn via Internett ha kontakt med folk i Sør-Afrika som var med i kampen mot Apartheid-regimet.

På kvelden er statsråd Horn til stades under Åge Aleksandersens konsert i Tangen kyrkje.

Vedlegg