Historisk arkiv

Statstilskot til lokale og regionale kulturbygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 50/01
Dato: 30.04.2001
Kontaktperson: Fung. avd.dir. Ole Fredriksen, Idrettsavd., tlf. 22 24 80 66

Statstilskot til lokale og regionale kulturbygg

Kulturdepartementet har fordelt 42,8 mill. kroner til lokale og regionale kulturbygg for 2001. Av beløpet går 11 mill. kroner til regionale bygg og
31,8 mill. kroner til lokale kulturbygg. Pengane går til investeringstilskot til nybygg eller ombygging av kulturlokale. Fylkeskommunen tek seg av den vidare fordelinga til dei einskilde prosjekta i kommunane.

Av løyvinga til lokale kulturbygg går 9 mill. kroner til tre lokale kulturbygg i eit regionalt nettverk i kommunane Nes, Eidsvoll og Nannestad på Øvre Romerike i Akershus.

Rammebeløpa i den einskilde fylkeskommunen i 2001 blir (i kroner):

Fylke

Regionale kulturbygg

Lokale kulturbygg

Østfold

430 000

Akershus

1 000 000

9 000 000

Oslo

0

Hedmark

2 500 000

2 500 000

Oppland

900 000

Buskerud

500 000

Vestfold

1 000 000

Telemark

600 000

Aust-Agder

1 000 000

Vest-Agder

1 100 000

Rogaland

3 050 000

Hordaland

1 900 000

Sogn og Fjordane

1 000 000

Møre og Romsdal

5 000 000

1 000 000

Sør-Trøndelag

2 500 000

500 000

Nord-Trøndelag

1 570 000

Nordland

2 400 000

Troms

2 550 000

Finnmark

800 000

SUM

11 000 000

31 800 000