Statstilskot til restaurering ved Den Nationale Scene
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Kulturdepartementet
Rapport | Dato: 10.11.2000
Pressemelding
Nr.: 90/00
Dato: 10.11.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren,
Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00
Statstilskot til restaurering ved Den Nationale Scene
Den Nationale Scene i Bergen får tilsegn om eit statstilskot på 17 mill. kroner til rehabilitering av teatersalongen. Framlegg om dette vart sett fram i statsråd fredag i eit tillegg til budsjettframlegget for Kulturdepartementet for 2001.
Den Nationale Scene har teke på seg å gjennomføre rehabiliteringsprosjektet innanfor ei samla kostnadsramme på 35 mill. kroner. Fritt Ord vil bidra med 10 mill. kroner under føresetnad av at prosjektet blir fullfinansiert i løpet av inneverande år. Bergen kommune og private vil bidra med til saman 8 mill. kroner.
Forslaget frå Kulturdepartementet om tilsegn på 17 mill. kroner vil sikre at prosjektet blir fullfinansiert innanfor den ramma styret for Den Nationale Scene har sett for restaureringsprosjektet.