Historisk arkiv

380 kommunar og 13 fylkeskommunar slepp statleg kontroll frå nyttår

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Nye reglar om statleg kontroll med kommunale budsjett blir sett i kraft frå nyttår. Kommunal- og regionaldepartementet har i haust skaffa seg oversikter frå fylkesmennene over kva for kommunar som framleis skal kontrollerast. Departementet har sjølv vurdert kva for fylkeskommunar som framleis skal kontrollerast.

Pressemelding

Nr.: 108/2000
Dato: 22.12.2000

Fornying av offentlig sektor

380 kommunar og 13 fylkeskommunar slepp statleg kontroll frå nyttår

Nye reglar om statleg kontroll med kommunale budsjett blir sett i kraft frå nyttår. Kommunal- og regionaldepartementet har i haust skaffa seg oversikter frå fylkesmennene over kva for kommunar som framleis skal kontrollerast. Departementet har sjølv vurdert kva for fylkeskommunar som framleis skal kontrollerast.

For dei 55 kommunane og fem fylkeskommunane som framleis skal kontrollerast inneber det at årsbudsjetta skal kontrollerast og lånevedtak godkjennast av fylkesmannen/departementet som i dag. Det er med andre ord det systemet kommunane er vande med som skal vidareførast for desse kommunane. Dei som får endringar, er dei 380 kommunane og 13 fylkeskommunane som for tida ikkje skal underleggjast statleg kontroll/godkjenning. Desse kan vedta lån den eine dagen og gå til banken eller børsen neste dag utan å søkje godkjenning hos fylkesmannen eller departementet.

Dette er ei stor forenkling.

De 55 kommunane og fem fylkeskommunane skal stå i eit register, av omsyn til långivarane. Når alle skulle kontrollerast var ikkje et slikt register nødvendig fordi ordføraren eller andre i alle høve måtte ha godkjenninga frå fylkesmannen eller departementet i orden når låneavtalen skulle underskrivast. Inhaldet i registeret skal til kvar tid vere tilgjengeleg på http://robek.dep.no.

Departementet har bedt fylkesmennene orientere kommunane om at dei skal inn i registeret. Departementet har sjølv orientert fylkeskommunane.

Oversikt over kommunar og fylkeskommunar som står i registeret.