Historisk arkiv

4,6 millionar kroner til utbetring av Masfjorden kommunale vassverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 22. mars 2000.

Pressemelding

Nr.: 18/2000
Dato: 22.03.2000

4,6 millionar kroner til utbetring av Masfjorden kommunale vassverk

Kommunal- og regionaldepartementet har gitt tilsegn om tilskot på inntil 4,6 millionar kroner til mellom anna utbetringstiltak ved Masfjorden vassverk i Masfjorden kommune.

Kommunal- og regionaldepartementet har gitt tilsegn om tilskot på inntil 4,6 millionar kroner til mellom anna utbetringstiltak ved Masfjorden vassverk i Masfjorden kommune.

Prosjektet er kostnadsrekna til 9,3 millionar kroner og vil skaffe om lag 500 personar, fleire fiskemottak og turistbedrifter i Masfjorden og Gulen kommune vatn som tilfredsstiller krava til kvalitet etter drikkevassforskrifta.

Vatn med tilfredsstillande kvalitet er viktig både for eksisterande og framtidig busetjing og næringsverksemd. Utbygginga vil vere eit viktig ledd i kommunen sin infrastruktur, og er naudsynt for utvikling og vekst i eit attraktivt område.