5 millionar kroner til kai i Rana
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 22.05.2000 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding 22.5.2000.
Pressemelding
Nr.: 41/2000
Dato: 22.05.2000
5 millionar kroner til kai i Rana
Kommunal- og regionaldepartementet gir inntil 5 millionar kroner til Rana kommune for å byggje ut kaianlegga på Toranes.
- Å byggje høvelege hamneanlegg har mykje å seie for næringsutviklinga i Rana kommune. Mo i Rana er òg eit viktig knutepunkt i regionen, og utfyller den hamnestrukturen som allereie er bygd opp langs kysten, seier statssekretær Audun Tron i Kommunal- og regionaldepartementet.
Toranes II og Toranes Øst er andre byggjesteget i ei utbygging som er rekna til 29,6 millionar kroner. Saman med Toranes I, som no blir fullført, får Mo i Rana ei samanhengande kailengd på ca. 300 meter. Kommunen står dermed godt rusta til å møte trafikk- og næringsbehova.