Historisk arkiv

7,3 millionar kroner til opprusting av kommunesenteret Mehamn i Gamvik kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 8.5.2000.

Pressemelding

Nr.: 36/2000
Dato: 08.05.2000

7,3 millionar kroner til opprusting av kommunesenteret Mehamn i Gamvik kommune

Kommunal- og regionaldepartementet har gitt tilsegn om tilskot på inntil 7,3 millionar kroner til Gamvik kommune i samband med opprusting i kommunesenteret Mehamn.

- Gamvik kommune er ein av pilotkommunane i Regjeringa si utkantsatsing, og utvikling av senteret vil vere viktig for næringsutvikling og ikkje minst busettinga i kommunen i framtida. Gode og levande tettstader er viktige for trivselen, fyrst og fremst for innbyggjarane i kommunen, seier statssekretær Steinar Pedersen.

Prosjektet som totalt er kostnadsrekna til om lag 16,7 millionar kroner, vil mellom anna omfatte tiltak som opprusting av hovudgata gjennom Mehamn sentrum og anlegg av parkeringsplassar. Eit nytt torg / møteplass inngår og som ein del av dette prosjektet.