Historisk arkiv

7,5 millionar til industri- og hamneområde i Rypefjord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Hammerfest kommune får inntil 7,5 millionar kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet, til kaianlegg og annan kommunal infrastruktur i Rypefjord industri- og hamneområde.

Pressemelding

Nr.: 62/2000
Dato: 02.08.2000

7,5 millionar til industri- og hamneområde i Rypefjord

Hammerfest kommune får inntil 7,5 millionar kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet, til kaianlegg og annan kommunal infrastruktur i Rypefjord industri- og hamneområde.

Hammerfest kommune har teke initiativ til prosjektet, som er kostnadsrekna til 31 millionar kroner. Området blir tilrettelagt med eit kaianlegg på 140 meter.

- Det er positivt at Hammerfest kommune på denne måten arbeider for å snu den negative utviklinga i regionen ved å leggje til rette for eit effektivt næringssenter i Rypefjord, seier statssekretær Audun Tron i Kommunal- og regionaldepartementet.

- Eit stabilt næringsliv er viktig for robust og levedyktig utvikling i distrikta.