Historisk arkiv

Auka løyvingar til skredsikring og ekstraordinære utgifter knytte til store snømengder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.04.2000.

Pressemelding

Nr.: 29/2000
Dato: 14.04.2000

Auka løyvingar til skredsikring og ekstraordinære utgifter knytte til store snømengder

Skredsikring i Nord-Noreg

- Det sterke snøfallet i Nord-Noreg i vinter har skapt problem mange stader. Vi vil derfor auke løyvingane til Naturskadefondet til skredsikring m.m frå 5 millionar kroner til 17 millionar på budsjettet i år, opplyser kommunalminister Sylvia Brustad.

- Vi legg og opp til ein permanent auke av løyvinga til Naturskadefondet frå og med budsjettet for 2001. Det vil gi grunnlag for å finansiere skredsikringsplanar.

Dei auka løyvingane til Naturskadefondet gjer det mogleg å imøtekome dei søknadene som i dag ligg føre frå mellom andre Hammerfest.

Hammerfest har søkt om 25 millionar kroner frå Statens Naturskadefond for tida 1999 – 2003.

Kommunar og fylkeskommunar med ekstraordinært store utgifter på grunn av dei store snømengdene i Nord-Noreg vil kunne søkje om tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet. Søknadene skal gå via Fylkesmennene i Troms og Finnmark.