Historisk arkiv

Betre kommunerekneskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Foreningen for god kommunal regnskapsskikk er no stifta av Kommunal- og regionaldepartementet og kommunesektoren. Gjennom den nye foreininga skal staten og kommunesektoren bli einige om korleis kommunerekneskapen skal førast.

Pressemelding

Nr.: 87/2000
Dato: 07.11.2000

Betre kommunerekneskap

Foreningen for god kommunal regnskapsskikk er no stifta av Kommunal- og regionaldepartementet og kommunesektoren. Gjennom den nye foreininga skal staten og kommunesektoren bli einige om korleis kommunerekneskapen skal førast.

Neste år kjem det nye reglar i kommunelova om den økonomiske planlegginga og forvaltninga i kommunane. Derfor er den nye foreininga stifta. Dei nye reglane inneber at den statlege detaljstyringa blir erstatta av eit rammeverk for kommunerekneskapen. Den nye foreininga er eit uavhengig organ som skal fastsetje standardar for god kommunal rekneskapsskikk innanfor det nye regelverket. Hittil har Kommunal- og regionaldepartementet tatt hand om den oppgåva.

Foreininga blei skipa 1. november av Kommunal- og regionaldepartementet, Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnkreving (NKK), Kommunenes Sentralforbund og Norges Kommunerevisorforbund. Leiaren for NKK, Egil Bjørgum, er valt til styreleiar for foreininga fram til det første årsmøtet.