Historisk arkiv

Det første nordiske sameministermøtet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 4.4.2000.

Pressemelding

Nr.: 23/2000
Dato: 04.04.2000

Det første nordiske sameministermøtet

Onsdag 5. april møtest kommunalminister Sylvia Brustad frå Noreg, jordbruksminister Margareta Winberg frå Sverige og justisminister Johannes Koskinen frå Finland i Oslo til ministermøte om samiske saker. Det er første gongen dei held eit slikt møte. Alle ønskjer dei eit styrkt nordisk samarbeid om desse spørsmåla. Det samarbeidet som no blir etablert, skal gjennomførast i nært samarbeid med Nordisk ministerråd.

Kommunalminister Sylvia Brustad er vert for møtet som skal drøfte organiseringa av det nye nordisk-samiske samarbeidet. Ministrane vil òg drøfte det vidare arbeidet med ein nordisk samekonvensjon som det blei teke initiativ til i 1995.

- Samane er eitt folk, men dei er busette i fleire statar. Det er ei hovudmålsetjing at det nye samarbeidet skal vere med og styrkje arbeidet for å sikre samisk kultur og språk. Samarbeidet bør gjere det lettare å samordne nasjonale tiltak og fellesprosjekt, seier Brustad.


Ministrane tek sikte på å invitere presidentane ved sametinga i Finland, Sverige og Noreg til faste møte for å orientere kvarandre, drøfte og behandle samiske spørsmål av felles nordisk interesse. Det blir invitert til eit første fellesmøte mellom ministrane og sametingspresidentane hausten 2000.

Priv. til red.:
Møtet blir halde i statsrådens møterom R5 kl. 13 – 15.