Historisk arkiv

Distriktspolitikken på Vestlandet skal drøftast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Til våren legg Regjeringa fram ei stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken. Som ein del av arbeidet med meldinga har regjeringspolitikarane møte med politikarar i landsdelane. Tysdag 19. september skal statssekretærutvalet for regionalpolitikk møte vestlandspolitikarar for å få deira syn på framtida for landsdelen.

Pressemelding

Nr.: 44/2000
Dato: 15.09.2000

Invitasjon til media:

Distriktspolitikken på Vestlandet skal drøftast

Til våren legg Regjeringa fram ei stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken. Som ein del av arbeidet med meldinga har regjeringspolitikarane møte med politikarar i landsdelane. Tysdag 19. september skal statssekretærutvalet for regionalpolitikk møte vestlandspolitikarar for å få deira syn på framtida for landsdelen.

Til landsdelsmøtet for Vestlandet kjem deltakarar frå Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Frå Kommunal- og regionaldepartementet møter statssekretær Audun Tron.

Møtet for Vestlandet er lagt til Scandic Hotell, Kokstad, tysdag 19. september frå kl. 09.30 til kl. 14.30.

- Grunnlaget for meiningsutvekslinga på møtet er den landsdelsstudien som Kommunal- og regionaldepartementet har teke initiativet til i arbeidet vårt med stortingsmeldinga, seier statssekretær Tron. - Ei slik utgreiing skal peike på alternative utviklingslinjer for landsdelen dei neste 20 åra.

- Landsdelsmøta er opne for media fordi departementet ser det som verdfullt å stimulere til mest mogleg debatt i media. I tillegg ønskjer Kommunal- og regionaldepartementet ein open og brei diskusjon med bidrag frå alle interesserte.