Historisk arkiv

Fleire kan få etableringslån

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 13/2000
Dato: 04.10.2000

Statsbudsjettet 2001

Fleire kan få etableringslån

Fleire kan no få etableringslån til å skaffe seg eigen bustad, etter at Regjeringa har foreslått å auke låneramma i Husbanken med 2 milliardar kroner.

- Mange kommunar bruker ordninga med etableringslån aktivt i sin lokale bustadpolitikk. Det har gitt gode resultat, og eg ønskjer at fleire kommunar skal få auga opp for korleis dei kan hjelpe unge og vanskelegstilte inn i ein god bustad, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad. - Eg vil at kommunane skal kunne tilby fullfinansiering med etableringslån, og eg vil lempe på kravet til behovsprøving.

- Etableringslån er eit svært effektivt verkemiddel for å skaffe bustader til unge og andre som har liten eigenkapital og som derfor har vanskar med å få kjøpt seg eigen bustad, seier Brustad.

I tiltakspakka for ein solidarisk bustadpolitikk som ble lagt fram i sommar, gjekk Regjeringa inn for at 10 000-12 000 husstandar bør få etableringslån kvart år. Det vil seie nesten 50 prosent fleir enn i dag. Brustad understrekar at når Husbanken får større rammer er det mogleg å nå dette målet utan at det går ut over resten av den husbankfinansierte bustadbygginga.

Etableringslån er husbanklån som kommunane låner ut til husstandar som har svak økonomi eller spesielle behov. Lånet er eit topplån som kan gå til både oppføring av nye bustader, utbetring og kjøp av brukte bustader. Slikt lån kan òg gå til stiftingar, selskap og andre som etablerer utleigebustader for unge og vanskelegstilte. Lån til privatpersonar er behovsprøvd.