Historisk arkiv

Førehandsrøysting på posten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa la torsdag fram eit lovforslag som opnar for at ein kan førehandsrøyste andre stader enn på postkontora ved stortingsvalet og sametingsvalet 2001. Det blir ikkje høve til å førehandsrøyste på Post i Butikk.

Pressemelding

Nr.: 105/2000
Dato: 21.12.2000

Førehandsrøysting på posten

Regjeringa har i dag lagt fram eit lovforslag som opnar for at ein kan førehandsrøyste andre stader enn på postkontora ved stortingsvalet og sametingsvalet 2001. Det blir ikkje høve til å førehandsrøyste på Post i Butikk.

I kommunar kor postkontora blir lagd ned, skal Posten kunne ta imot førehandsrøyster i egna kommunale lokalar, som til dømes kommunehus, bibliotek eller offentlege servicekontor.

Lovforslaget opnar ikkje for førehandsrøysing på Post i Butikk, det vil seie på bensinstasjonar eller butikkar.

- Veljarane må ikkje miste høvet til å førehandsrøyste i eigen kommune, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad. - Vi vil leggje til rette så det skal vere lett for alle å bruke røysteretten sin.