Historisk arkiv

Forskot på 15 millionar kroner til Arendal kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding14.04.2000.

Pressemelding

Nr.: 30/2000
Dato: 14.04.2000

Forskot på 15 millionar kroner til Arendal kommune

Kommunal- og regionaldepartementet gir eit forskot på 15 millionar kroner på rammetilskota for 2001 til Arendal kommune.

Arendal kommune har søkt om eit forskot på rammetilskota for 2001 på 50 millionar kroner. Bakgrunnen er den vanskelege økonomiske situasjonen i kommunen.

- Arendal kommune er i ein særs vanskeleg situasjon, seier statssekretær Audun Tron. - Vi har difor funne det riktig å bidra til at Arendal kan kome ut dette, men det er likevel Arendal sjølv som må ha hovudansvaret for å løyse dei økonomiske problema i kommunen, presiserer Tron.

Departementet vil vurdere ein eventuell auke i skjønnet til Arendal kommune for 2001 i statsbudsjettet til hausten.