Historisk arkiv

Kampen for Husbanken er vunnen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Utlånsreglane i Husbanken er ikkje i strid med EØS-reglane. Det har ESA, overvakingsorganet i EFTA, kome fram til.

Pressemelding

Nr.: 72/2000
Dato: 08.09.2000

- Kampen for Husbanken er vunnen

Utlånsreglane i Husbanken er ikkje i strid med EØS-reglane. Det har ESA, overvakingsorganet i EFTA, kome fram til. Kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad er glad for avgjerda.

Det var Bankforeningen som i 1995 klaga Husbanken inn for overvakingsorganet ESA i EFTA. Bankforeningen, som seinare har skifta namn til Finansnæringens Hovedorganisasjon, meinte låneverksemda i Husbanken skapte vanskar for konkurransen i kredittmarknaden og dermed var i strid med EØS-avtalen. ESA avviste klagen, og Finansnæringens Hovedorganisasjon anka så avgjerda inn for EFTA-domstolen. ESA gjekk gjennom klagen på nytt, men avviste klagen enno ein gong i sommar.

- Eg er nøgd med at vi har fått ei avgjerd. Kampen for Husbanken er no vunnen, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad, som er fagstatsråd for Husbank-verksemda.

- Slik kan Husbanken framleis vere ein nyttig reiskap i norsk bustadreising. Statsråden set òg pris på at Finansnæringens Hovedorganisasjon no ikkje kjem til å forfølgje denne saka lenger i EFTA.

Det siste ESA-vedtaket slår fast at Husbanken ikkje skaper større vanskar for konkurransen i kredittmarknaden. ESA meiner det er rimeleg samanheng mellom Husbanken sine oppgåver i kredittmarknaden og dei verkemidla banken forvaltar.