Historisk arkiv

Kollektiv for kvinner med innvandrerbakgrunn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 6.4.2000.

Pressemelding

Nr.: 25/2000
Dato: 06.04.2000

Kollektiv for kvinner med innvandrerbakgrunn

Kommunal- og regionaldepartementet har løyvd midlar til å opprette eit skjerma bufellesskap for kvinner med innvandrarbakgrunn, som er råka av problematikken rundt tvangsekteskap.

- Arbeidet mot tvangsekteskap skal ha høg prioritet, seier statsråd Sylvia Brustad.

Departementet vil i samarbeid med andre instansar finansiere eit kollektiv for kvinner med innvandrarbakgrunn. Her skal kvinner, som har vore utsette for mishandling eller står i fare for å bli gifta bort mot sin vilje, få tett oppfølging, råd og rettleiing til å meistre tilværet så godt som råd.

Prosjektet skal knytast til Oslo krisesenter, men skal ha eigne lokale. Kommunal- og regionaldepartementet yter 200 000 kroner, Justisdepartementet 200 000, Barne- og familiedepartementet 300 000 og Oslo kommune yter 300 000 kroner i år.