Historisk arkiv

Raskare busetjing av flyktningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa la fredag fram Stortingsmelding nr. 17 (2000-2001) Asyl- og flyktningpolitikken i Noreg. Meldinga tek særskilt for seg nykomne flyktningar og tiltak dei første åra dei er i Noreg.

Pressemelding

Nr.: 100/2000
Dato: 15.12.2000

Raskare busetjing av flyktningar

Regjeringa legg i dag fram Stortingsmelding nr. 17 (2000-2001) Asyl- og flyktningpolitikken i Noreg. Meldinga tek særskilt for seg nykomne flyktningar og tiltak dei første åra dei er i Noreg.

- Vi har om lag 12 000 flyktningar og asylsøkjarar i mottak som anten ventar på å få saka si behandla eller å bli bosett i ein kommune. Regjeringa ser med uro på denne situasjonen, og legg derfor stor vekt på å få ned saksbehandlingstida i asylsaker og sikre raskare busetjing i kommunane, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad. - Dette vil redusere opphaldstida i mottak og medføre til at flyktningar raskare blir sjølvhjelpte.

Regjeringa foreslår ei ny ordning for busetjing av flyktningar der kommunane samarbeider om busetjinga og tek eit større kollektivt og solidarisk ansvar for å sikre at dei som skal busetjast i ein kommune ikkje må vente unødig lenge. Regjeringa legg til grunn at den nye busetjingsordninga saman med auken i integreringstilskotet til kr 365 000, vil føre til raskare busetjing.

- Regjeringa vil at alle nykomne flyktningar skal få tilbod om eit introduksjonsprogram snarast mogleg etter busetjing i ein kommune, og legg fram rammer for eit slikt program i meldinga. Regjeringa foreslår òg fleire tiltak for å styrkje norskopplæringa, som er eit kjerneelement i den grunnleggjande kvalifiseringa, seier Sylvia Brustad.

Regjeringa ønskjer å styrkje tilbodet til barn og kvinner i mottak, og vil mellom anna leggje til rette for at barn i alderen 4-5 år i mottak kan få eit tilbod om halvdagsplass i barnehage. Vidare foreslår Regjeringa å styrkje dei regionale psykososiale teama for flyktningar, slik at dei kan gi meir råd og rettleiing til kommunane. Einslege mindreårige er ei særleg sårbar gruppe. Regjeringa legg vekt på å sikre dei omsorg og tryggleik i mottak og foreslår derfor å styrkje bemanninga ved avdelingane for desse barna.