Historisk arkiv

Regjeringa ber om orsaking for fornorskningspolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa ber om orsaking for den fornorskingspolitikken staten tidlegare har ført overfor dei nasjonale minoritetane. Overgrepa mot romanifolket (taterane/dei reisande) var særs grove og ramma ei etnisk gruppe hardt. Regjeringa føreslår at det blir etablert eit senter for dokumentasjon og formidling av kulturen og historia til romanifolket, på Glomdalsmuseet på Elverum.

Pressemelding

Nr.: 96/2000
Dato: 08.12.2000

Regjeringa ber om orsaking for fornorskingspolitikken

Regjeringa ber om orsaking for den fornorskingspolitikken staten tidlegare har ført overfor dei nasjonale minoritetane. Overgrepa mot romanifolket (taterane/dei reisande) var særs grove og ramma ei etnisk gruppe hardt. Regjeringa føreslår at det blir etablert eit senter for dokumentasjon og formidling av kulturen og historia til romanifolket, på Glomdalsmuseet på Elverum.

Dette er hovudpunkt stortingsmelding nr. 15 (2000-2001) Dei nasjonale minoritetane i Noreg – Om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar som regjeringa legg fram i dag. Meldinga er ei oppfølging av at Noreg i 1999 slutta seg til Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar. Kvener, skogfinnar og romanifolket (taterane/dei reisande) kjem til syne i Noregs-historia på 1500- og 1600-talet, og på 1800-talet kom jødar og rom (sigøynarar) til. Desse gruppene, som har ei meir enn hundre år lang historie i landet, kallar vi nasjonale minoritetar.

– Det er viktig å kome vekk frå førestellinga om Noreg som eit kulturelt einsarta samfunn. Noreg har alltid vore kulturelt mangfaldig, seier kommunalminister Sylvia Brustad. – Det er mange måtar å vere norsk på. Regjeringa vil arbeide for eit samfunn der personar som høyrer til nasjonale minoritetar, skal kunne uttrykkje, halde oppe og vidareutvikle sin eigen identitet, sitt eige språk og sin eigen kultur.

Det er første gongen at politikken overfor dei nasjonale minoritetane blir drøfta i ei stortingsmelding. Meldinga inneheld mellom anna tiltak for å styrkje kultur og språk, tiltak for barn og unge, utdanningstiltak og tiltak for å fremme deltaking i samfunnet på like vilkår med majoritetsbefolkninga. Regjeringa har opna for å godkjenne trespråklege kommunenamn (samisk, kvensk og norsk) på lik linje med tospråklege (samisk og norsk).