Historisk arkiv

Regjeringa vil lette på lønnsplikta under permittering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 2.6.2000.

Pressemelding

Nr.: 44/2000
Dato: 02.06.2000

Regjeringa vil lette på lønnsplikta under permittering

Regjeringa foreslår å lette dei pliktene arbeidsgivaren har til å betale lønn under permittering. Bakgrunnen for forslaget til Stortinget er vanskane i oljeindustrien.

I dag har arbeidsgivarane plikt til å betale lønn til permitterte arbeidstakarar igjen etter eitt års permisjon. Etter forslaget frå Regjeringa skal dei ikkje lenger ha plikt til det så lenge arbeidstakarane tek del i opplæring i regi av arbeidsmarknadsetaten på den tida lønnsplikta tek til.

- Da oljeprisane fall i 1998, fekk oljeindustrien færre oppdrag, særskilt verfts- og leverandørindustrien. Det er grunnen til at Regjeringa foreslår for Stortinget å lette på lønnsplikta under permitteringar, fortel kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad.

- Forslaget er meint å gjelde berre for eitt år, etter som regjeringa reknar med at vanskane i oljenæringa går over i sommar.

Mange oljearbeidarar er allereie blitt permitterte og fleire permitteringar er varsla. For å dempe skadeverknadene har arbeidsmarknadsmyndigheitene sett i verk ei tiltakspakke for kompetanseutvikling.

- Forslaget om at arbeidsgivar ikkje pliktar å betale lønn for permitterte arbeidstakarar, skal hindre at nøkkelpersonell forsvinn, seier Brustad.