Historisk arkiv

Skaper 9 700 nye arbeidsplassar årleg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet har evaluert distriktsutviklingstilskotet og dei distriktsretta risikolåna. Med ringverknader medverkar dei to verkemidla til ein årleg sysselsetjingsvekst på om lag 9 700 arbeidsplassar, viser evalueringa.

Pressemelding

Nr.: 112/2000
Dato: 28.12.2000

Distriktsutviklingstilskot og risikolån:

Skaper 9 700 nye arbeidsplassar årleg

Kommunal- og regionaldepartementet har evaluert distriktsutviklingstilskotet og dei distriktsretta risikolåna. Med ringverknader medverkar dei to verkemidla til ein årleg sysselsetjingsvekst på om lag 9 700 arbeidsplassar, viser evalueringa. Ein kombinasjon av tilskot til investering og kompetansehevande tiltak gir best effekt for nettverksbygging, nyskapings- og omstillingsevne i bedriftene.

- Dette viser at dei distriktspolitiske verkemidla fungerer etter intensjonen og i stor grad medverkar til sysselsetjing og vekst i næringslivet i distrikta, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad. - Samtidig viser evalueringa at vi må vere merksame på kva spesielle behov for verkemiddel næringslivet har i tynt befolka område. Distriktskontora til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) har stor utviklingskompetanse som bør utnyttast enda meir i dette arbeidet, understrekar statsråden.

Det er Nordlandsforsking og Norsk institutt for by- og regionforsking som har gjort evalueringa for departementet. Evalueringa gir viktige innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken som etter planen skal fremmast for Stortinget til våren.

I evalueringsperioden frå 1994 til 1999 har det skjedd ei endring blant støttemottakarane, slik at det no er mindre tradisjonell industri og meir forretningsmessig tenesteyting. Samtidig er verkemidla vridd frå støtte til fysiske investeringar til støtte til kompetansehevande tiltak. Evalueringa viser at dette har vore riktig prioritering. Det er prosjekt som inkluderer støtte til kompetansetiltak som i størst grad medverkar til strategiske endringar i bedriftene. Men det har ført til at dei mest typiske utkantkommunane har tapt i konkurransen om støttemidlane.

Rapporten konkluderer med at ein skal vere forsiktig med for store endringar i bruken av verkemiddel, utan at det blir sett i samanheng med kva slags næringsverksemd ein har i distrikta. For primærnæringane og industrien i distrikta er støtte til fysiske investeringar framleis avgjerande for vidare konkurranseevne og vekst.

Ifølgje rapporten er det behov for særskilt satsing for å redusere nedgangen i bedrifter og arbeidsplassar i utkantkommunar med nedgang i folketalet Det gjer det nødvendig både med sterkare fokus når det gjeld midlar og ei meir aktiv holdning frå SND sine distriktskontor. Dei bør ha eit tettare samarbeid med fylkeskommunar og kommunar for å utvikle det regionale næringsarbeidet. Særleg gjeld det utkantkommunane, konkluderer rapporten.