Historisk arkiv

Stem på butikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Du skal kunne førehandsrøyste andre stader enn på postkontora òg, foreslår Kommunal- og regionaldepartementet. Grunnen er at Posten legg ned ein del postkontor, og til no er det ved postkontora vi har kunne stemme på førehand når det er val.

Pressemelding

Nr.: 60/2000
Dato: 21.07.2000

Stem på butikken

Du skal kunne førehandsrøyste andre stader enn på postkontora òg, foreslår Kommunal- og regionaldepartementet. Grunnen er at Posten legg ned ein del postkontor, og til no er det ved postkontora vi har kunne stemme på førehand når det er val. Derfor foreslår departementet mellom anna at enkelte butikkar kan ta imot førehandsrøyster.

- Borgarane må ikkje miste høvet til å førehandsrøyste, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad. - Vi vil leggje til rette så det skal vere lett for alle å bruke røysteretten sin.

Departementet foreslår å endre vallova slik at vi òg kan førehandsrøyste ved postfilialar (Post i Butikk), offentlege sørviskontor og andre høvelege stader. Forslaget om å endre vallova til stortingsvalet og sametingsvalet i 2001 er no ute på høring.