Historisk arkiv

Større Husbank-lån til byar og pressområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa vil styrkje Husbanken si rolle i Oslo, andre større byar og pressområde etter at statsråd Sylvia Brustad tok initiativ til ein meir solidarisk bustadpolitikk.

Pressemelding

Nr.: 09/2000
Dato: 04.10.2000

Statsbudsjettet 2001

Større Husbank-lån til byar og pressområde

Regjeringa vil styrkje Husbanken si rolle i Oslo, andre større byar og pressområde etter at statsråd Sylvia Brustad tok initiativ til ein meir solidarisk bustadpolitikk.

- Det blir bygd for få bustader i sentrale strok, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad. - Det er ein viktig grunn til den kraftige prisauken på bustader i pressområda.

Ein større del oppføringslån fra Husbanken skal gå til bustadbygging i pressområda.

Husbanken skal godta høgare kostnader og skal gi høgare låneutmåling i desse områda, foreslår Regjeringa i statsbudsjettet. Regjeringa ønskjer òg større bruk av etableringslån. Av desse grunnane har Regjeringa foreslått å auke låneramma i Husbanken frå 11 til 13 milliardar kroner for neste år.

Husbanken si finansiering av bustader i Distrikts-Noreg vil óg bli ført vidare.