Historisk arkiv

To millionar kroner til Hemne kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Hemne kommune får to millionar kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet for å utvikle Øragata i kommunesenteret Kyrksæterøra.

Pressemelding

Nr.: 74/2000
Dato: 15.09.2000

To millionar kroner til Hemne kommune

Hemne kommune får to millionar kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet for å utvikle Øragata i kommunesenteret Kyrksæterøra.

Målet er å leggje til rette for allsidig verksemd og servicetilbod, skape møteplassar, ivareta særpreg og historie, og å sikre betre tilkomst. Arbeidet er kostnadsrekna til 7,3 millionar kroner.

- Tilgang på service og attraktivt fysisk sentrumsmiljø er viktig for lokalisering av næringsverksemd og val av bustad for enkeltpersonar. Kyrksæterøra er ein viktig tettstad i regionen. Det er difor viktig at senteret blir oppgradert til å fungere som eit godt servicesenter for kommunen, seier statssekretær Audun Tron i Kommunal- og regionaldepartementet.