Historisk arkiv

Utlendingsnemnda startar opp ved årsskiftet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Frå 1. januar blir Utlendingsnemnda oppretta. Nemnda skal behandle klager på avslag frå Utlendingsdirektoratet i asyl- og andre utlendingssaker. Nemnda skal vere eit frittståande og uavhengig organ, men administrativt blir ho lagt under Kommunal- og regionaldepartementet.

Pressemelding

Nr.: 111/2000
Dato: 29.12.2000

Utlendingsnemnda startar opp ved årsskiftet

Frå 1. januar blir Utlendingsnemnda oppretta. Nemnda skal behandle klager på avslag frå Utlendingsdirektoratet i asyl- og andre utlendingssaker. Nemnda skal vere eit frittståande og uavhengig organ, men administrativt blir ho lagt under Kommunal- og regionaldepartementet.

Klagesakane etter utlendingslova som til no har vore behandla av Justisdepartementet, blir heretter behandla av Utlendingsnemnda. Nemnda skal vere eit domstolsliknande klageorgan med nemnder sette saman av ein nemndleiar og to lekmenn. Føremålet er å styrkje rettsvernet for utlendingar og tilliten til utlendingsforvaltninga.

Nemndene behandlar kvar enkelt sak, som blir avgjort ved fleirtalsvedtak. I alle nemndmøta skal eitt medlem delta etter forslag frå humanitære organisasjonar. I enklare saker vil nemndleiaren eller sekretariatet kunne gjere vedtak utan å innkalle til nemndmøte.

Stortinget har òg ønskt å avlaste departementet for enkeltsaker. Departementet kan berre styre Utlendingsnemnda gjennom endringar av lov og forskrift, budsjett og generelle prioriteringar. Spørsmål om enkeltsaker som blir påklaga må derfor rettast til Utlendingsnemnda og ikkje til departementet.

Leiar for Utlendingsnemnda er direktør Terje Sjeggestad, og nemnda har om lag 100 tilsette. 16 av dei er nemndleiarar, og resten er sekretariat for nemnda. Direktøren og nemndleiarane er tilsette på åremål for høvesvis seks og fire år. Nemnda held til i Oslo City, Stenersgata 1 A, tlf. 21 08 50 00.