124 millionar til etablerarstipend
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 11.10.2001 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Regjeringa vil løyve 124 millionar kroner til etablerarar over det nye statsbudsjettet. Etablerarar i Distrikts-Noreg blir prioriterte.
Pressemelding
Nr.: 155/2001
Dato: 11.10.2001
Statsbudsjettet 2002
124 millionar til etablerarstipend
Regjeringa vil løyve 124 millionar kroner til etablerarar over det nye statsbudsjettet. Etablerarar i Distrikts-Noreg blir prioriterte.
Ordninga med såkalla nettverkskreditt skal førast vidare og styrkjast, det same gjeld midlar til etablerarar i såkalla veksthus for nystarta bedrifter.
Ei evaluering frå Telemarksforskning og Østlandsforskning viser at dei som fekk etablerarstipend frå 1989 til 1998, har etablert 7000 bedrifter med 17 500 arbeidsplassar. Mange av arbeidsplassane er for kvinner i distrikta.
- Dette viser at vi har lykkast med å nå kvinner. Det er viktig at kvinner får betre vilkår for å etablere eiga verksemd, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad. Ho har stor tru på ordninga med nettverkskreditt, som er spesielt egna for kvinner. Brustad ønskjer å vidareføre og styrkje ordninga med 12 millionar kroner. Nettverkskreditt er ei finansieringsordning for små etablerarar som ikkje har så store krav til investeringar i startfasen, men som treng eit nettverk rundt seg for å få verksemda etablert.
- Kapital er éin ting, men eg trur nettverk og støttespelarar ofte er like viktig for ei vellykka etablering, seier Brustad.
Ho ønskjer og å føre vidare og styrkje støtta til etablerarar i særskilde vekstmiljø. Regjeringa foreslår derfor å øyremerkje 22 millionar kroner til denne ordninga. Målet er å stimulere fleire nyetableringar med høgt kunnskaps- og teknologinivå. På denne måten kan fleire etablerarar frå forskings- og utviklingsmiljø få høve til å kommersialisere idear og forskingsresultat.